Oppdatert! Klart for fotballakademi

Det er no klart for fotballakademiet, totalt 62 deltakarar har meldt seg på. Helgeøktene vert på følgjande alternative datoar (kjem endeleg oppsett når alt er klart i høve andre arrangement): 9. eller 10. mars, 16. eller 17. mars, 23. mars. På helgeøktene kan og dei som ikkje er med på fullt akademi møte, kostnaden er […]

Les meir

KM sluttspel – kampoppsett

Oppsettet er no klart, kampoppsettet for IL Jotun sine lag ligg vedlagt. J13, J14, G13 og G14 spelar kampane sine laurdag. G15/16 og J19 spelar på søndag. Sluttspelet vert arrangert i Nordfjordhallen 2. og 3. mars, og det er Tornado Måløy FK som er teknisk arrangør saman med fotballkretsen. Vi ynskjer alle laga lukke til […]

Les meir

Årsmøte Jotun fotball

Jotun fotball held årsmøte torsdag 14. februar 18:00 i Jotunhuset. Sakliste: 1. Konstituering (Godkjenning av innkalling m.m.) 2. Årsoppgjer 2012 Årsmelding Rekneskap Revisjonsmelding 3. Budsjett 2013 4. Inkomne saker 5. Val Fullstendig innkalling ligg her

Les meir

Førde vinnar av Vinterserien junior jenter

Førde gjekk ubesigra gjennom Vinterserieturneringa i dag, og stakk med det av med KM-tittelen i klassen. Med 9-0 i målskilnad kunne dei heve pokalen etter at Florø var besigra i den siste kampen. Kampane vart avvikla i sterk kulde, noko som sjølvsagt og prega spelarane. Samarbeidslaget mellom Jotun/ÅTIL/Lærdal gjorde og ein god turnering. Etter 5-0 […]

Les meir

Vinterserien jenter junior denne helga

Denne helga skal vinterserien for jenter junior spelast på Jotun stadion krøllgras. Jotun/ÅTIL/Lærdal stiller eit samarbeidslag, og skal møte Førde, Florø og Stryn i kampen om KM tittelen. Her er kampane (Jotun=samarbeidslag): Kl. 11.00 Førde-Jotun Kl. 12.00 Florø-Stryn Kl. 13.00 Jotun-Florø Kl. 14.00 Stryn-Jotun Kl. 15.00 Stryn-Førde Kl. 16.00 Førde-Florø Kampane varar i 2×20 minuttar. […]

Les meir

KM avslutta med 2 nye vinnarar

I dag var det Gutar og Jenter 15/16 år som skulle i elden. Guteklassen var delt opp i 2 puljer, dei 2 beste i kvar pulje gjekk til finalespel. Til slutt var det ÅTIL som gjekk av med sigeren etter finalesiger mot Sogndal. Jotun kapra 3. plassen etter å ha vunne på straffekonk mot Lærdal. […]

Les meir

Dag 1 av KM avslutta

Fyrste KM-dagen er no avslutta, og nye pokalar er delt ut. I J14 var det Bjørn 1 som gjekk til topps, med Jotun hakk i hæl. ÅTIL stakk av med pokalen i G14, også her var Jotun ein god nummer 2. Følgjande lag har gått vidare til sluttspel: G13 – Jotun og ÅTIL J13 – […]

Les meir

Ny siger til Jotun

Jotun J13 var suverene i kvalifiseringa, dei vann alle kampane utan å sleppe inn mål. 14-0 i målprotokollen seier det meste.

Les meir

Jotun 1 vidare til sluttspelet

KM vart sparka i gang med gutar 13 i kveld. Aurland måtte diverre trekke laget grunna sjukdom, slik at det kun vart 4 lag i pulja. Jotun 1 var suverene, og med seg til sluttspelet fekk dei ÅTIL. I morgon er det Jenter 13 og 14, samt Gutar 14 som skal i elden. Kampane startar […]

Les meir