IL Jotun 90 år!

30. mars var det 90 år sidan Årdal Skilag vart stifta. I 1935 vart Fotballaget Jotun stifta, og til slutt slo desse seg saman i 10. juni 1945. Meir informasjon om klubben og oppstarten kan du finna ved å nytte linkane som ligg ved her. I tillegg kan de sjå bilete her [catlist name=»historie» numberposts=25]

Les meir

3 jenter på sonelag Sogn

Etter fotballskuleturneringa i Høyanger er det no klart for soneturneringar. Sonelag Sogn består av 14 jenter, og gledleg nok har IL Jotun fått med 3 jenter i troppen. Ine Myrland, Ida Holsæter og Ingrid Øvstetun er uttekne, og skal spele turnering laurdag 20. april på Kaupanger. Vi gratulerer jentene med uttaket, og ynskjer dei lukke […]

Les meir

Bilete frå KM

Me har fått løyve frå Stig Høynes, som driv www.haugenfotball.no, å legge ut bilete som han tok under KM denne helga.    

Les meir

1.2 – Sportsplan

Sportsplanen til IL Jotun fotball ligg vedlagt på høgre sida. Innspel til endringar sender de til Sportsleg leiar, eller tek det opp på dei månadlege trenarforuma. Sportsplanen vert vedteken for 3 år i gongen, men kan reviderast kvart år og og godkjennast på årsmøtet , og deretter godkjennast av hovudstyret i IL Jotun.

Les meir

Endring i kampoppsett

Eit par lag har trekt seg, og nokre kampar var sett opp feil, difor er oppsettet endra litt. Her er alle laga frå Jotun sine kampar. J13 skal fyrst i elden alt kl. 09:00 i morgon tidleg møter dei Vik. Vi ynskjer alle laga lukke til denne helga!

Les meir