Truls sikra 3 poeng

5. divisjonslaget spela i kveld mot Syril på kunstgraset i Øvre Årdal, og etter 90 spanande minuttar enda det 3-2 til Jotun/ÅTIL/ÅFK 2. Heimelaget opna best, og etter 16 minuttar tok dei leiinga. Eit flott gjennomspel frå Walat Ali enda hjå Ruben Loftheim. Han tok ballen på direkten og ekspederte den i mål utan sjanse for […]

Les meir

Solid bortesiger

Samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 tok i dag turen til Hillvang der Askvoll/Holmedal var motstandar. AHIL har spela kun 2 kampar i år, det har enda med ein siger og ein uavgjort. Det var bortelaget som starta best i dag, og etter omlag 15 minuttar sytte Kenneth Aspeseter Hagen for 0-1.  Jotun/ÅTIL/Årdal 2 fortsatte å presse, og Ruben […]

Les meir

Endeleg siger

Etter 3 sure tap tok endeleg samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal 2 sin fyrste 3-poengar i dag. Motstandar var Hyllestad/Dale 2, og etter 90 minuttar stod det 2-0 på lystavla. Heimelaget starta kampen klart best, og Hyllestad/Dale 2 var knapt over midten det fyrste kvarteret. Sjølv om dominansen var stor, så sleit heimelaget med å skape dei store […]

Les meir

Sterk bortesiger til Jotun/ÅTIL!

Jotun/ÅTIL sitt damelag tok i dag turen til Jølster for å spela sin andre seriekamp for sesongen. I regn- og sluddbyger tok det unge laget tak i kampen, og trilla ball rundt frustrerte Jølsterdamer dei fyrste minuttane. Alt etter 5 minuttar kom det fyrste målet. Eit oppspel frå Ine Myrland vart ekspedert i mål med […]

Les meir

Jotun/ÅTIL-Hafslo 7-3 (4-1)

Damelaget fekk ein flott start på sesongen heime mot Hafslo. Heile 7-3 vart sluttresultatet, pauseresultatet var 4-1. Kampen opna i høgt tempo, og det var Jotun/ÅTIL som var det førande laget. Fyrste målet kom etter 14 minuttar då Jenny Hovland assisterte Kristin Dvergedal som trilla ballen til side for målvakten til Hafslo. Etter målet jamna kampen seg […]

Les meir

KM Futsal

Damelaget til Jotun/ÅTIL deltek denne helga på KM Futsal. Dette er fyrste gongen KM er arrangert som Futsal, og det er Førde som står som arrangør. Jotun/ÅTIL kom i pulje med Kaupanger, Førde 2 og Breimsbygda/Sandane. Kampoppsett: 16:40 Jotun/ÅTIL-Førde 2 18:20 Breimsbygda/Sandane-Jotun/ÅTIL 19:30 Jotun/ÅTIL-Kaupanger For det unge Jotun/ÅTIL laget vert denne turneringa ei flott avslutning […]

Les meir

5. divisjon for herrelaget

I og med at Veitastrond IL ikkje ynskjer å rykke opp frå 5. divisjon til 4. divisjon, so vert IL Jotun sitt herrelag ståande i 5. divisjon neste år. Fotballkretsen opplyser og at det einaste spaningsmomentet pr. dato er om Skavøypoll 2 ynskjer opprykk til 5. divisjon eller ikkje. Då vert divisjonsfordelinga i Sogn og […]

Les meir

Damelaget avslutta med siger

Balestrand var motstandar i den siste seriekampen for sesongen, og nok ein gong vart det siger til det unge Jotun/ÅTIL laget. Denne sigeren sikra og 2. plassen i 4. divisjon bak Sogndal 2. Heimelaget hadde god kontroll gjennom heile kampen, og kunne til slutt gå av bana med ein 6-3 siger. Målskårarar for Jotun/ÅTIL var […]

Les meir

Ny siger til damelaget

Jotun/ÅTIL sitt damelag tok i kveld turen til Lærdal for kamp i 4. divisjon 7ar. Kampane mellom desse laga har vanlegvis vore jamne, men i dag var Jotun/ÅTIL eit par hakk betre. Heilt frå start tok Jotun/ÅTIL kommandoen, og etter 6 minuttar sat den fyrste ballen i mål. Sigrid Rio sette opp Susanne Myrland som […]

Les meir

Siger i fyrste haustkamp

Damelaget til Jotun/ÅTIL starta haustsesongen på best mogleg måte då dei møtte Balestrand borte fredag kveld. 4-0 til Jotun/ÅTIL var sluttresultatet, til pause stod det 2-0. Balestrand skapte mest dei fyrste minuttane av kampen, men forsvaret til Jotun/ÅTIL stod i mot presset og heldt buret reint. Utover omgangen fekk Jotun/ÅTIL i gang finspelet, og det […]

Les meir