Heimesiger i målrik kamp

G15/16 spela i kveld kamp mot Bjørn på kunstgraset i Øvre. Etter ein spanande og målrik kamp drog heimelaget i land ein flott 6-4 siger. Bjørn kom best i gang, og etter eit par minuttar skåra dei etter eit gjennomspel. Heimelaget slo raskt tilbake, og Håkon Haglund kvitterte med ei flott heading. Bjørn tok leiinga […]

Les meir

Tap i fyrste kamp

Vårt nykomponerte gutelag tapte i kveld 6-4 borte mot Sogndal 2 i 2. divisjon. Sigeren til Sogndal var fortent, men våre gutar er trass tap nøgde med innsatsen. Jotun starta best og dominerte dei fyrste minuttane av kampen. Etter 6 minuttar fekk me frispark like utanfor 16-meteren, og dette vart ekspedert i mål av Nicolai […]

Les meir

Siger til gutelaget

Haustsesongen vart sparka i gang i ettermiddag med eit lokaloppgjer mot ÅTIL i 9ar fotball. Strålande vêr og mykje tilskodarar laga ei fin ramme for gutane frå bygda, som på si side sytte for mange fine prestasjonar og flotte skåringar. Kampen var jamnspela i fyrste omgang, med eit sjansemessig overtak til Jotun. Fyrste skåringa kom […]

Les meir

Strålande innsats i Gothia Cup

For fyrste gong har IL Jotun fått 2 lag til A-sluttspel i Gothia Cup. I går rauk G14 ut for Onsala i ein spanade kamp. Jotun tok leiinga 1-0, men Onsala kom sterkt tilbake og vann til slutt fortent 2-1. J15 spela i dag tidleg mot Eriksberg IF, ein klubb som satsar stort innanfor jentefotballen […]

Les meir

G15/16: Jotun-Sogndal 2-5 (0-1)

Fotball kan vera moro, sjølv om ein tapar. I går spela gutelaget til Jotun sin fyrste 9ar kamp, og motstandar var Sogndal. 1. omgangen var jamn, og det var Sogndal som skåra det fyrste målet. Ei opprulling på høgresida vart ekspedert i mål frå kort hald. Jotun hadde og fleire store sjansar i omgangen, og burde […]

Les meir

Snudde 0-3 til 7-3 i seriestarten

Det var nokre nervøse gutar som entra Cuba kunstgras i dag, for å møta ÅTIL i seriestarten i 7/9ar serien. Nokre av spelarane har ikkje spela organisert fotball på 3-4 år, men når rusten forsvann gjekk alt so mykje betre. ÅTIL kom best i gang, og alt før fyrste kaffikoppen var testa stod det 1-0 […]

Les meir

Resultat fra fyrste runde i vinterserien for junior 2015 (Årdal/Jotun/ÅTIL)

Samarbeidslaget Årdal/Jotun/ÅTIL deltok søndag i fyrste turneringsrunde i vinterserien 2015. Laget vart ledet av Ivan Øy, Frank Øyre og Ørjan Loftheim og kampane vart avvikla i Sognahallen. Åtte lag fra Sogn og Fjordane deltok, der Årdal spelte i pulje med Sogndal, Tornado/Måløy og Stryn. Kampane startet kl.10.00 og gjekk utover heile dagen til kveld. Årdal […]

Les meir

Skåringar for Jotunjenter

Både Sara Brandsdal, Anna Thomassen Øren og Kjersti Hestetun var i aksjon under soneturneringa i Førde som vart avvikla i dag. I den fyrste kampen gjekk det strålande for både Sogn og vår jenter. Nordfjord vart besigra heile 6-0, og 3 av måla var signert vår jenter. Sara skåra to av desse, medan Anna skåra eitt. I […]

Les meir

KM-vinnar!

Småguttelaget gjorde jobben mot Gaular! 8-1 vart sluttresultatet, og med 13-4 mot Eid i fyrste kampen kunne pokalen hevast i miniserien mellom avdelingsvinnarane. Kampen i dag var jamn dei fyrste minuttane, men Jotun tok meir og meir over. Fyrst etter 14 minuttar fekk Jotun hol på byllen, og det var Eirik Lereng som sette inn […]

Les meir

Siger 3-2 i avgjerande kamp

Småjentene vann 3-2 i den avgjerande kampen mot Bjørn i kveld. Kampen var skjemma av ein alt for sterk vind, men etter 70 minuttar var det dei raude og grøne som kunne jubla etter å ha kapra avdelinggsigeren. Jotun kom best i gang, og midt i fyrste omgang var Mari Bjørk frampå og sette ballen […]

Les meir