Det var høg stemning da jenter 2008 feira avslutninga av ein strålande sesong med knøttefotball i klubbhuset torsdag 22.oktober. Med pizza og brus på bordet vart det framsyning av video frå årets knøtteturneringar, der jubelen stod i taket til kvar scoring og redning.
Jentene har haldt seg stabile på 12-13 spelarar gjennom sesongen og stilt med 2 lag på 3 av 4 turneringar. Som trenarar har det vore kjekt å fylgja utviklinga frå dei starta våren 2014 og fram til no. I løpet av denne tida har dei auka forståelsen av spelet, samt utvikla ei idrettsglede som smittar over på både motstandarar, trenarar og foreldre.
Laget har vennskap, lagkjensle og speleglede i fokus og ser fram til både treningar og turneringar med iver og spenning. No tek me velfortent vinterpause, da bortimot alle jentene skal trene turn i tillegg til allidrett i vinter. ‘me gler oss til oppstart av ny sesong våren 2016.

Lagbildet
Bak: Martine Kinserdal, Alise Måren Felde, Mia Kopperdal, Andrea Fimland Schultz, Isabella Ramirez Øren, Ella Berge Hestetun, Sara Øy Laberg
Framme: Asta Hunderi Hetle, Mathea Straumsheim Breivik, Synnøve Nilsen Øygarden, Bertine Hellebø, Emma Gjevik Lunde, Mari Søfting Grøv

Trenarane
Jan Lunde
Kjetil Felde
Linda Nordheim

1-avslutning